Bestill Fine Art-print på Hahnemühle
Last opp biletefil, vel papir og skriv inn storleik i cm. Vi produserer på Epson storformat med nøye kvalitetskontroll – og leverer med sporing.
Les meir: Fine Art-print i museumskvalitet i Noreg · Print-guide · Ikonfoto kunstmerke
Ein tryggare veg frå fil til ferdig Fine Art-print
Her lastar du opp fila, vel papir og format, og får prisen rekna ut med ein gong. Vi har halde flyten enkel, men med nok fagleg støtte til at valet blir tryggare.
Bilete, TIFF, HEIC eller PDF. Vi stoppar for store filer før opplastinga går vidare.
Storleik, papir og tilval blir rekna i same flyt, utan at du må gjette.
Vi kvalitetskontrollerer og produserer i Vadheim med sporing vidare til kunden.
Hahnemühle Photo Rag er eit trygt standardval for motiv som skal ha mjukt, galleriaktig uttrykk.
Store veggbilete krev ikkje nødvendigvis tunge filer. Det som tel mest, er pikselmål og kor nært motivet skal sjåast.
Du kan fylle inn bestillinga sjølv, men flyten er bygd for å hjelpe deg fram til eit resultat som held på veggen.
Det er eit trygt standardval når du vil ha eit roleg, galleriaktig uttrykk utan å bruke tid på mykje finjustering først.
Dei fleste bestillingar blir gjorde utan kontakt først. Når du treng hjelp, brukar vi kommentarfeltet eller kontakt før produksjon startar.
Motivet blir ikkje berre sendt vidare frå ein anonym lab. Vi kontrollerer printen i Vadheim før han går ut til kunden.
Bestill print
Fyll inn felta under. Pris og tilval blir oppdaterte fortløpande.
Mange startar med 50 × 70 eller 70 × 100 cm på Photo Rag når motivet skal vere roleg og tydeleg over sofa eller på hovudvegg.
Trygt for naturmotiv, dokumentar og mjukare kunstfoto.Når kunden ønskjer meir glans og meir fotografisk teikning, går valget ofte vidare til Photo Rag Baryta eller større format.
Godt når motivet har mykje djupn, nattlys eller markerte kontrastar.Mange bestiller først med standardval og skriv heller ein kommentar om rom, ønskja uttrykk eller usikker storleik. Då kan vi fange opp ting før produksjon.
Best når du vil få bestillinga i gang utan å overtenkje alle vala først.