Om fotografen
Naturfoto med fokus på lys, stemning og detaljar – produsert som Fine Art print i museumskvalitet.
Arve Ullebø (f. 1971) har dei siste 25 åra arbeidd som fotograf på heiltid, og er til dagleg knytt til Kuleramma Foto Video i Vadheim. Han har brei erfaring frå eit variert fotografisk felt, med oppdrag som spenner frå bryllaupsfoto til reportasjereiser i konfliktområde som Palestina, og arbeid i Sunnfjord.
Interessa for fotografi fekk ny retning etter deltaking på Morten Krogvold sine anerkjende workshops, noko som inspirerte han til å satse fullt på foto. Før dette var Arve aktiv i musikklivet, og spelte trommer i Høyanger-bandet The Tubs på byrjinga av 1990-talet. Bandet turnerte landet rundt og gav ut tre plater som fekk gode kritikkar i rikspressa.