Printpartner · fotografar og kunstnarar

Du skaper motiva.
Vi tek oss av printet.

Sel fotografia og kunsten din som Fine Art-print gjennom Ullebo.no. Du leverer biletfila og historia om verket. Vi hjelper med produksjon, innramming, pakking og sending.

Har du allereie tilgang? Gå til partnarsida. Du blir beden om å logge inn dersom du ikkje er innlogga.

Frå motiv til ferdig kunstprint

01 · Søknad

Vis oss arbeidet ditt

Opprett konto og send ein kort presentasjon med lenkje til portefølje eller Instagram. Vi vurderer søknaden før du får partnartilgang.

02 · Motiva dine

Gjer verka klare for sal

Etter godkjenning legg du inn biletfiler, titlar og opplysningar om pris, opplag og signering der det er aktuelt.

03 · Produksjon

Vi lagar og sender

Vi produserer print på Hahnemühle-papir med Epson SureColor P9500, kontrollerer arbeidet og pakkar for sending til kunden.

Material som passar verket

Fine Art-print på Hahnemühle Photo Rag, Photo Rag Baryta og William Turner. Vi hjelper deg å velje papir og utføring.

  • Fine Art-print med eller utan innramming
  • Dibond og akryl – avklar utføring med oss
  • Produksjon av utstillingar og større seriar etter avtale
Sjå rammer og passepartout →

Dette treng du

  • Ei høgoppløyseleg originalfil
  • Tittel og ei kort skildring av motivet
  • Stad og år der det er relevant
  • Opplysningar om opplag og signering

Er du usikker på filkvalitet, format eller prisoppsett? Ta kontakt før du klargjer ein heil serie.

Før du blir printpartner

Passar dette òg for kunstnarar?

Ja. Printpartner er for både fotografar og kunstnarar som vil selje print av eigne verk. Treng du ei god digital fil av eit fysisk kunstverk, kan du spørje oss om reprofotografering.

Må eg ha konto?

Ja, søknad og partnaradministrasjon går gjennom kontoen din. Du kan opprette konto med e-post eller halde fram med Vipps. Innlogging med Vipps gir ikkje automatisk godkjenning som printpartner.

Kvar finn eg bestillingar og utbetalingar?

Når du er godkjend, finn du partnarfunksjonane via Mi side. Avklar prisoppsett og vilkår med oss før verka blir lagde ut for sal.

Kor lang tid tek produksjonen?

Leveringstida er avhengig av produkt, innramming og omfang. Vi avklarar fristen for oppdraget. Ta kontakt tidleg dersom du planlegg ei utstilling eller treng ein større serie.

Vil du berre bestille print?

Du treng ikkje vere printpartner for å få laga bilete til deg sjølv, ei gåve eller ei utstilling.

Last opp og bestill eigne bilete